top of page

Eg heiter Karoline, f.1987, er oppvokst i Odda og bur no i Bergen. Eg illustrerer bøker, lager bilete som folk kan ha på veggen og illustrasjonar til kort og liknande. 

Inspirasjon til motiva mine finn eg i eventyr, populærkultur og magien i kvardagslege situasjonar. Stemning, lys og magi - gjerne med ein liten dose lun humor - er det eg fokuserer på.

 

Illustrasjonane mine er enten teikna digitalt eller i ein digital og analog blandingsteknikk. Av tradisjonelle verktøy er blyanten min beste ven, men eg bruker også ein del fargeblyantar og akvarell. Programma eg bruker digitalt er Photoshop og Procreate.

Trykka mine er merka D.G.A. - digital graphic art. Dette er originalgrafikk i avgrensa opplag. Det finnes ingen fysisk "original" - berre ei digital originalfil. Eg printer dei sjølv på ein spesialprinter med lysekte blekk på syrefritt kunstpapir.

KONTAKT

Eg er åpen for oppdrag! Ta gjerne kontakt om du har eit prosjekt på gang som du trur eg kan hjelpe deg med, eller om det er noko anna du lurer på.   

E-post: post@karolifo.no

Tlf: 41683683

Følg meg på Instagram @karolifo

bottom of page